Totalt antall sidevisninger

onsdag 30. mars 2011

Samskriving brukt på gruppearbeid i naturfag.


"Do they fit together?"

Etter å ha brukt samskrivingsverkty i eigen studiesamanheng, hadde eg lyst til å prøve dette i naturfag på vg1. Temaet var klimaendring og drivhuseffekt. Elevane såg først Al Gore sin film: ”Ei ubehageleg sanning”. Neste dobbelttime i naturfag delte eg dei inn i grupper og gav dei nokre oppgåver relatert til læreplanmåla om klimaendring og drivhuseffekt som dei hadde fått bakgrunn for med å sjå filmen.

Verktyet eg brukte var EtherPad. Eg laga til filene på førehand til gruppene som var på 4 elevar. Kvar gruppe fekk adressa ved oppstart av økta. Elevane har sin eigen berbare pc, og vi har eit velfungerande trådlaust nett.
På kvar gruppe si fil hadde eg lagt inn oppgåvene saman med ei kort rettleing.

Oppgåvene hadde ulike element. På eit par oppgåver skulle dei alle myldre, og så fordele fordjuping. Så var det nokre formulerte oppgåver som dei var oppmoda om å fordele, og til slutt var dei oppmoda om å komme med kommentarar og tillegg til det dei andre på gruppa hadde skrive. Målet skulle vere å gjere fellesproduktet best mogeleg.

Alle elevane sat på same rom, men dei kommuniserte likevel stort sett med kvarandre ved hjelp av skriveverktyet. Denne gongen var det eit vidt tema for gruppearbeidet, men ramma var likevel sett til 2 skuletimar. Då skulle dokumentet i den tilstand det var, eksporterast og leverast i innleveringsmappe i Fronter. Neste naturfagtime blei det så ei sjølvevaluering av gruppearbeida ut frå ein felles gjennomgong.

Ved å utvide tidsramma slik at arbeidet held fram heime eller i friare studietid, ville ein kunne ta ut  endå større fordelar. Det opnar for meir effektivt samarbeid utanom felles skuletimar og også om det av ymse grunnar skulle vere gruppedeltakar som for tida oppheld seg langt frå dei andre.

Det var nokre få tendensar til ”innbrot” hos kvarandre, men stort sett var det høg konsentrasjon i heile arbeidsperioden. Dei fekk bruk for å gjere målretta søk på nettet og å vurdere kvaliteten på dei det fann. Dei hadde sjølvsagt også læreboka tilgjengeleg. Og samspelet med dei andre var viktig, dei fekk og gav kommentarar og tips.
Tilbakemeldingane frå elevane var gode. Dette ser ut til å vere verkty som kan brukast i fleire tema i faget.

(Illustrasjonane på toppen av innlegget henta frå læreboka Nexus (Aschehoug), 
sitatet er frå Al Gore sin film ”Ei ubehageleg sanning”.)

2 kommentarer:

  1. Bra opplegg:) Synest du er inne på noko særleg viktig i det du skriv om større fordelar når arbeidet held fram heime og i studietid. Elevane kan samarbeide asynkront, og ein unngår problem når ein elev er fråverande - eller når ein PC er til reparasjon.

    SvarSlett
  2. Eg tykte dette var eit spennande opplegg! Har stor tru på at samskriving kan brukast til slike føremål som du skisserer. Fordelen med å avgrense til 2 skuletimar er det presset elevane får på seg til å få produktet ferdig. men og ein stor fordel å utvide med at elevar kan jobbe vidare som kari elisabeth nemner over.

    SvarSlett