Refleksjonar over arbeidskrav 3:
Som "godt vaksen" lærar, for ikkje å ta sterkare i, har eg ikkje
same medievanane som ungdommen. Men eg kjenner litt til deira vanar gjennom å
observere kva dei klikkar seg inn på når høvet byr seg. Og det vil vere lurt av
meg å setje meg litt inn i kva dei driv med for å forstå dei og kanskje kunne
utfordre dei litt på heimebane. Kan eg somme tider leggje skulearbeidet slik
tilrette at det dreg vekslar på ferdigheiter og motivasjon dei her frå sin
rituelle pc-bruk ("fritidsbruken"), vil det vere bra. Dette arbeidskravet
har sett fokus på dette. Som lærar har eg nyttiggjort meg av IT som
verkty til mange ting og i mange samanhengar, men til no ikkje hatt mykje
erfaring med "ungdomstinga".
Eg hadde hovudansvaret for wiki-sida om samskriving, kjeldekritikk og
kjeldebruk. Korkje wikiar eller synkron samskriving er noko typisk del av
ungdommen sine medievanar her hos oss. Når vi likevel tykte det var greitt å ta
med, er det fordi det er eit godt reiskap til opplæring i søking og kjeldebruk
som absolutt er ein del av ungdommen sine medievanar, men som det ut frå eit
skulesynspunkt likevel trengs justering av og vidare opplæring i hos dei fleste.
I tillegg er altså samskriving eit ypparleg reiskap til teamarbeid. Og det
vert truleg vanlegare og vanlegare å bruke i høgre utdanning og forsking.
Arbeidet vårt med wikien var også teamarbeid og samskriving. For meg er
april/mai ei svært hektisk tid både med innspurt på skulen, og lamming og
vårarbeid som deltidsbonde. Då var det godt å vere i eit team på wikien der vi
delte på arbeid og ansvar og kunne kvalitetssikre for kvarandre. Når eg i
slutten av denne perioden også fekk eit opphald på Haukeland for rift på
netthinna, vart det ekstra verdifullt.
Av det dette arbeidskravet har bevisstgjort meg på, vil eg særleg trekkje
fram kor viktig kjeldekritikk er for dagens medlemmer i informasjonssamfunnet.
Dette er td. godt framheva i artikkelen "Kildekritikk og kritisk reføleksjon" av Dalgården, Ottestad og Tømte.
Kjeldebruk og kjeldekritikk er ei pedagogisk oppgåve og utfordring for skulen
meir enn ei datateknisk greie. Og det er ikkje berre viktig som verkty for å
løyse oppgåver i skule og studier. Det er også avgjerande for elevane si
utvikling o til sjølvstendig tenkjande og velfungerande medlemmer i eit
demokratisk samfunn der medieflaumen og mediemakta lett kan føre oss på ville
vegar viss vi ikkje har denne bakgrunnen.
Kjeldekritrisk bevisstgjering av elevane vil også hjelpe dei til sjølve å
bli flinkare til å nå inn til andre når dei skal produsere og publisere eigne
produkt. Dei må tilpasse språk og presentasjonsform til målgruppa og opptre
seriøst viss dei vil bli tekne seriøst og nå fram med bodskapen sin.
Det er altså mange gode grunnar for skulen til å ta tak i medievanane til
ungdommen, og både utnytte og påverke desse vanane. Det kan lesast meir om
dette på wikien vår. I forkant og under arbeidet med wikien, samla vi
linkar til aktuelle kjelder på ei diigo-gruppe.
Kjelde:
Dalegården, Tone, Ottestad, Geir, Tømte,
Cathrine: Kildekritikk
og kritisk refleksjon – Forskning viser 10. ITU 2007