Refleksjonar over arbeidskrav 3:
Som "godt vaksen" lærar, for ikkje å ta sterkare i, har eg ikkje
same medievanane som ungdommen. Men eg kjenner litt til deira vanar gjennom å
observere kva dei klikkar seg inn på når høvet byr seg. Og det vil vere lurt av
meg å setje meg litt inn i kva dei driv med for å forstå dei og kanskje kunne
utfordre dei litt på heimebane. Kan eg somme tider leggje skulearbeidet slik
tilrette at det dreg vekslar på ferdigheiter og motivasjon dei her frå sin
rituelle pc-bruk ("fritidsbruken"), vil det vere bra. Dette arbeidskravet
har sett fokus på dette. Som lærar har eg nyttiggjort meg av IT som
verkty til mange ting og i mange samanhengar, men til no ikkje hatt mykje
erfaring med "ungdomstinga".
Eg hadde hovudansvaret for wiki-sida om samskriving, kjeldekritikk og
kjeldebruk. Korkje wikiar eller synkron samskriving er noko typisk del av
ungdommen sine medievanar her hos oss. Når vi likevel tykte det var greitt å ta
med, er det fordi det er eit godt reiskap til opplæring i søking og kjeldebruk
som absolutt er ein del av ungdommen sine medievanar, men som det ut frå eit
skulesynspunkt likevel trengs justering av og vidare opplæring i hos dei fleste.
I tillegg er altså samskriving eit ypparleg reiskap til teamarbeid. Og det
vert truleg vanlegare og vanlegare å bruke i høgre utdanning og forsking.
Arbeidet vårt med wikien var også teamarbeid og samskriving. For meg er
april/mai ei svært hektisk tid både med innspurt på skulen, og lamming og
vårarbeid som deltidsbonde. Då var det godt å vere i eit team på wikien der vi
delte på arbeid og ansvar og kunne kvalitetssikre for kvarandre. Når eg i
slutten av denne perioden også fekk eit opphald på Haukeland for rift på
netthinna, vart det ekstra verdifullt.
Av det dette arbeidskravet har bevisstgjort meg på, vil eg særleg trekkje
fram kor viktig kjeldekritikk er for dagens medlemmer i informasjonssamfunnet.
Dette er td. godt framheva i artikkelen "Kildekritikk og kritisk reføleksjon" av Dalgården, Ottestad og Tømte.
Kjeldebruk og kjeldekritikk er ei pedagogisk oppgåve og utfordring for skulen
meir enn ei datateknisk greie. Og det er ikkje berre viktig som verkty for å
løyse oppgåver i skule og studier. Det er også avgjerande for elevane si
utvikling o til sjølvstendig tenkjande og velfungerande medlemmer i eit
demokratisk samfunn der medieflaumen og mediemakta lett kan føre oss på ville
vegar viss vi ikkje har denne bakgrunnen.
Kjeldekritrisk bevisstgjering av elevane vil også hjelpe dei til sjølve å
bli flinkare til å nå inn til andre når dei skal produsere og publisere eigne
produkt. Dei må tilpasse språk og presentasjonsform til målgruppa og opptre
seriøst viss dei vil bli tekne seriøst og nå fram med bodskapen sin.
Det er altså mange gode grunnar for skulen til å ta tak i medievanane til
ungdommen, og både utnytte og påverke desse vanane. Det kan lesast meir om
dette på wikien vår. I forkant og under arbeidet med wikien, samla vi
linkar til aktuelle kjelder på ei diigo-gruppe.
Kjelde:
Dalegården, Tone, Ottestad, Geir, Tømte,
Cathrine: Kildekritikk
og kritisk refleksjon – Forskning viser 10. ITU 2007
Totalt antall sidevisninger
lørdag 14. mai 2011
onsdag 30. mars 2011
Samskriving brukt på gruppearbeid i naturfag.
"Do they fit together?"
Etter å ha brukt samskrivingsverkty i eigen studiesamanheng, hadde eg lyst til å prøve dette i naturfag på vg1. Temaet var klimaendring og drivhuseffekt. Elevane såg først Al Gore sin film: ”Ei ubehageleg sanning”. Neste dobbelttime i naturfag delte eg dei inn i grupper og gav dei nokre oppgåver relatert til læreplanmåla om klimaendring og drivhuseffekt som dei hadde fått bakgrunn for med å sjå filmen.
Verktyet eg brukte var EtherPad. Eg laga til filene på førehand til gruppene som var på 4 elevar. Kvar gruppe fekk adressa ved oppstart av økta. Elevane har sin eigen berbare pc, og vi har eit velfungerande trådlaust nett.
På kvar gruppe si fil hadde eg lagt inn oppgåvene saman med ei kort rettleing.
Oppgåvene hadde ulike element. På eit par oppgåver skulle dei alle myldre, og så fordele fordjuping. Så var det nokre formulerte oppgåver som dei var oppmoda om å fordele, og til slutt var dei oppmoda om å komme med kommentarar og tillegg til det dei andre på gruppa hadde skrive. Målet skulle vere å gjere fellesproduktet best mogeleg.
Alle elevane sat på same rom, men dei kommuniserte likevel stort sett med kvarandre ved hjelp av skriveverktyet. Denne gongen var det eit vidt tema for gruppearbeidet, men ramma var likevel sett til 2 skuletimar. Då skulle dokumentet i den tilstand det var, eksporterast og leverast i innleveringsmappe i Fronter. Neste naturfagtime blei det så ei sjølvevaluering av gruppearbeida ut frå ein felles gjennomgong.
Ved å utvide tidsramma slik at arbeidet held fram heime eller i friare studietid, ville ein kunne ta ut endå større fordelar. Det opnar for meir effektivt samarbeid utanom felles skuletimar og også om det av ymse grunnar skulle vere gruppedeltakar som for tida oppheld seg langt frå dei andre.
Det var nokre få tendensar til ”innbrot” hos kvarandre, men stort sett var det høg konsentrasjon i heile arbeidsperioden. Dei fekk bruk for å gjere målretta søk på nettet og å vurdere kvaliteten på dei det fann. Dei hadde sjølvsagt også læreboka tilgjengeleg. Og samspelet med dei andre var viktig, dei fekk og gav kommentarar og tips.
Tilbakemeldingane frå elevane var gode. Dette ser ut til å vere verkty som kan brukast i fleire tema i faget.
(Illustrasjonane på toppen av innlegget henta frå læreboka Nexus (Aschehoug),
sitatet er frå Al Gore sin film ”Ei ubehageleg sanning”.)
(Illustrasjonane på toppen av innlegget henta frå læreboka Nexus (Aschehoug),
sitatet er frå Al Gore sin film ”Ei ubehageleg sanning”.)
torsdag 17. februar 2011
Læring og røynsler frå arbeidet med blogg og Google docs
(Refleksjon over læringsprosess gjennom arbeidskrav1)
Fuglestad, Anne Berit: "Å være digital i matematikk" i Hildegunn Otnes: Å være digital i alle fag. Universitetsforlaget 2009.
Samskriving gir mange føremoner ved teamarbeid/gruppearbeid. Vi i denne gruppa har også brukt liknande verkty (EtherPad) til refleksjonsnotatet i eit tidlegare gruppearbeid i studiet. Men Google docs gir fleire muligheter til formatering, innsetjing av element og til ulike typar dokument. EtherPad la opp til å tydeleggjere kven som skreiv kva så lenge prosessen var i gong. Ein variant av dette, Typewith.me, har eg nokre gongar vore med og brukt under styremøte på nett i Lamis Nordfjord. Svært rasjonelt når styremedlemmene bur litt spreidd! Her kan ein ha eit venstrefelt med sakliste og etter kvart vedtaksprotokoll, og så går diskusjonen i høgrefeltet.
Tilbake til Google docs. Inngangsterskelen er låg og ein kan halde dokumentet (nokolunde) privat ved å definere korleis delinga skal skje og invitere deltakarar. Samstundes set det krav til nøyaktighet og struktur viss alt skal fungere. Og vi erfarte at opplegget kan vere litt tregt og ting kan henge seg opp og ikkje oppjustere seg slik vi ville i ein fart. Det må jo også seiast at Word o.l. gir mykje større og lettare formateringsmuligheter.
Opplæringsplanen er ikkje prøvd ut, for eg er ikkje kommen så langt i matteplanen enno. Men eg trur dette vil vere eit eigna opplegg som gir føremoner. Ved gruppearbeid vil samskriving fremje aktivitet frå alle og også muliggjere arbeid heime sjølv om gruppa ikkje er fysisk samla. Og ved å krevje at læraren skal inviterast inn, vil han kunne følgje med i arbeidet, gi råd og føreslå justering av spørsmål og opplegg slik at dei er forsvarlege i ei skuleramme. Det blir ikkje berre ei retting/vurdering i etterkant, men ei rettleiing som påverkar det vidare arbeidet. Dei integrerte verktya for rekneark og presentasjon vil også vere nyttige for dette gruppearbeidet. Eg ser fram til å bruke opplegget, og eg trur dette er eit tema som verktyet kan vere eigna til i klasserommet. Det er litt overraskande å oppdage at Google docs er godt eigna i matematikk. Når Anne Berit Fuglestad går gjennom kva det vil seie "Å vere digital i matematikk" (Otnes m.fl.), kjem ho ikkje på å nemne samskrivingsverkty.
Arbeidet med blogginnlegga har skjerpa meg på å tenkje over kva ein vil ha ut i det offentlege rommet som nettet er. Eg er eigentleg ganske skremd av denne eksponeringa, og blir nok overvarsam både med kva eg skriv og med å tilkjennegje kven eg er. Etter kvart håpar eg å finna ein meir avslappa ballanse i høve til dette.
Bloggskrivinga har også låg terskel. Likevel er det mangt som kan skjere seg. For meg var det innbygginga av element. For å få det til måtte eg installere Google chrome som nettlesar i staden for Explorer. Linkane var heller ikkje problemfrie. For å få link til Google dokumentet måtte eg hente adressa under del og publiser. Men då vart ikkje skjermvisinga så god. Den vart betre viss eg tok direkte-adressa til dokumentet, men det let berre dei med delingsrett få sjå.
Den nye digitale kvardagen i vgs gir både muligheter og utfordringar. Om ein ikkje er så rask til å hive seg på alt nytt som lærarprofilen "Bjarne" i Hatlevik sin rapport "Skolens digitale tilstand", er det fint å kjenne til og meistre så mykje at ein får lyst til å bruke ein del av dei mange mulighetene.
Den nye digitale kvardagen i vgs gir både muligheter og utfordringar. Om ein ikkje er så rask til å hive seg på alt nytt som lærarprofilen "Bjarne" i Hatlevik sin rapport "Skolens digitale tilstand", er det fint å kjenne til og meistre så mykje at ein får lyst til å bruke ein del av dei mange mulighetene.
Kjelder:
Hatlevik, O E: ITU Monitor 2009 - Skolens digitale tilstand. ITU 2009. (Last ned pdf)Fuglestad, Anne Berit: "Å være digital i matematikk" i Hildegunn Otnes: Å være digital i alle fag. Universitetsforlaget 2009.
Google docs til gruppearbeid om opplæringsplan
(Kommentar til gruppeoppgåve arbeidskrav1)
Vi blei raskt einige om tema:
Planlegging, gjennomføring og vurdering av statistisk
undersøking, som er eit kompetansemål i 2P-matematikk (2.kl studieføreebuande).
Dette høver godt for gruppearbeid og eg vil tru det er eit godt utgangspunkt
for å vurdere potensialet til bruk av samskrivingsverkty.
Ein av gruppedeltakarane starta opp dokumentet med
opplæringsplanen. Så blei det også oppretta eit ”diskusjons”-dokument i Google
docs der vi drøfta ting som vi føya til og endra i plandokumentet. Her er link til den ferdige opplæringsplanen.
Vi må seie at vi til slutt også hadde eit gruppemøte der vi
finpussa arbeidet og gjorde erfaringar med gruppering av dokumenta i samling og tildeling
av rettar (deling).
Parallelt med arbeidet med opplæringsplanen kom arbeidet med
presentasjonsdokumentet på same måte. Det blei til slutt sjåande slik ut:
(Lurt å opne i nytt vindauga viss du vil sjå grundig)
(Lurt å opne i nytt vindauga viss du vil sjå grundig)
onsdag 5. januar 2011
DLO i naturfag
Forlaga har mange sider med nyttige DLO-ar
med nyttige illustrasjonar
Aschehoug si side heiter Lokus
med nyttige illustrasjonar
Aschehoug si side heiter Lokus
Ei ny erfaring
Å lage ein blogg er heilt nytt for meg. Eg har ei viss redsle for å sende noko ut på nettet som eg ikkje veit kor mange som vil sjå. Ikkje så skremande lengre.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


