Totalt antall sidevisninger

torsdag 17. februar 2011

Læring og røynsler frå arbeidet med blogg og Google docs

(Refleksjon over læringsprosess gjennom arbeidskrav1)

Samskriving gir mange føremoner ved teamarbeid/gruppearbeid. Vi i denne gruppa har også brukt liknande verkty (EtherPad) til refleksjonsnotatet i eit tidlegare gruppearbeid i studiet. Men Google docs gir fleire muligheter til formatering, innsetjing av element og til ulike typar dokument.  EtherPad la opp til å tydeleggjere kven som skreiv kva så lenge prosessen var i gong. Ein variant av dette, Typewith.me, har eg nokre gongar vore med og brukt under styremøte på nett i Lamis Nordfjord. Svært rasjonelt når styremedlemmene bur litt spreidd! Her kan ein ha eit venstrefelt med sakliste og etter kvart vedtaksprotokoll, og så går diskusjonen i høgrefeltet.

Tilbake til Google docs. Inngangsterskelen er låg og ein kan halde dokumentet (nokolunde) privat ved å definere korleis delinga skal skje og invitere deltakarar. Samstundes set det krav til nøyaktighet og struktur viss alt skal fungere. Og vi erfarte at opplegget kan vere litt tregt og ting kan henge seg opp og ikkje oppjustere seg slik vi ville i ein fart. Det må jo også seiast at Word o.l. gir mykje større og lettare formateringsmuligheter. 

Opplæringsplanen er ikkje prøvd ut, for eg er ikkje kommen så langt i matteplanen enno.  Men eg trur dette vil vere eit eigna opplegg som gir føremoner. Ved gruppearbeid vil samskriving fremje aktivitet frå alle og også muliggjere arbeid heime sjølv om gruppa ikkje er fysisk samla. Og ved å krevje at læraren skal inviterast inn, vil han kunne følgje med i arbeidet, gi råd og føreslå justering av spørsmål og opplegg slik at dei er forsvarlege i ei skuleramme. Det blir ikkje berre ei retting/vurdering i etterkant, men ei rettleiing som påverkar det vidare arbeidet. Dei integrerte verktya for rekneark og presentasjon vil også vere nyttige for dette gruppearbeidet. Eg ser fram til å bruke opplegget, og eg trur dette er eit tema som verktyet kan vere eigna til i klasserommet. Det er litt overraskande å oppdage at Google docs er godt eigna i matematikk. Når Anne Berit Fuglestad går gjennom kva det vil seie "Å vere digital i matematikk" (Otnes m.fl.), kjem ho ikkje på å nemne samskrivingsverkty.

Arbeidet med blogginnlegga har skjerpa meg på å tenkje over kva ein vil ha ut i det offentlege rommet som nettet er. Eg er eigentleg ganske skremd av denne eksponeringa, og blir nok overvarsam både med kva eg skriv og med å tilkjennegje kven eg er. Etter kvart håpar eg å finna ein meir avslappa ballanse i høve til dette.

Bloggskrivinga har også låg terskel. Likevel er det mangt som kan skjere seg. For meg var det innbygginga av element. For å få det til måtte eg installere Google chrome som nettlesar i staden for Explorer. Linkane var heller ikkje problemfrie. For å få link til Google dokumentet måtte eg hente adressa under del og publiser. Men då vart ikkje skjermvisinga så god. Den vart betre viss eg tok direkte-adressa til dokumentet, men det let berre dei med delingsrett få sjå.


Den nye digitale kvardagen i vgs gir både muligheter og utfordringar. Om ein ikkje er så rask til å hive seg på alt nytt som lærarprofilen "Bjarne" i Hatlevik sin rapport "Skolens digitale tilstand", er det fint å kjenne til og meistre så mykje at ein får lyst til å bruke ein del av dei mange mulighetene.

Kjelder:
Hatlevik, O E: ITU Monitor 2009 - Skolens digitale tilstand. ITU 2009. (Last ned pdf)
Fuglestad, Anne Berit: "Å være digital i matematikk" i Hildegunn Otnes: Å være digital i alle fag. Universitetsforlaget 2009. 

Google docs til gruppearbeid om opplæringsplan

(Kommentar til gruppeoppgåve arbeidskrav1)

Vi blei raskt einige om tema:
Planlegging, gjennomføring og vurdering av statistisk undersøking, som er eit kompetansemål i 2P-matematikk (2.kl studieføreebuande). Dette høver godt for gruppearbeid og eg vil tru det er eit godt utgangspunkt for å vurdere potensialet til bruk av samskrivingsverkty.

Ein av gruppedeltakarane starta opp dokumentet med opplæringsplanen. Så blei det også oppretta eit ”diskusjons”-dokument i Google docs der vi drøfta ting som vi føya til og endra i plandokumentet. Her er link til den ferdige  opplæringsplanen.

Vi må seie at vi til slutt også hadde eit gruppemøte der vi finpussa arbeidet og gjorde erfaringar med gruppering av dokumenta i samling og tildeling av rettar (deling).

Parallelt med arbeidet med opplæringsplanen kom arbeidet med presentasjonsdokumentet på same måte. Det blei til slutt sjåande slik ut:
(Lurt å opne i nytt vindauga viss du vil sjå grundig)



Kjelder:
Kompetansemål for 2P..  UDir
Heir m. fl.: Matematikk 2P. Aschehoug 2007